Hopp til innhold
X
Innhald

A/S Ytre Statt handelslag

Vestkapp Handel på Ferstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vestkapp Handel på Ferstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A/S Ytre Statt Handelslag på Ferstad vart skipa i 1930. Frå 1939 heitte det Stad Handelslag. Laget dreiv også Ytre Stad Smørlag, som tok imot smør frå gardsbruk der dei ikkje kunne levere mjølk til meieri.

I 1962 starta Per Hoddevik landhandel i ein kjellar hjå onkelen sin på Ferstad, men då handelslaget gjekk konkurs like før jul same året, overtok Hoddevik butikken til handelslaget.

I 1978 bygde Per Hoddevik nytt forretningsbygg i samband med at vegen vart lagt om. I 1997 selde Hoddevik butikken til to tilsette, Anne Liv Ervik og Tone Årsheim. I 1998 bytte dei namn på butikken til Vestkapp Handel. Butikken på Ferstad er tilslutta Joker-kjeden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.01.2010