Hopp til innhold
X
Innhald

Atlantic Cod Farms AS

Atlantic Cod Farms AS på Stadlandet vart skipa i 2003 av Kenneth Brandal m.fl. Selskapet starta oppdrett av torsk i 2005.

I 2007 kjøpte selskapet 68 prosent av aksjane i Marin Invest på Harøya – eit selskap som vert rekna som leiande i produksjon av setjefisk for torskeoppdrett.

Atlantic Cod Farms AS kjøpte same året yngelprodusenten Fosen Aquasenter AS. Atlantic Cod Farm siktar mot å verte eit leiande torkseoppdrettsselskap på verdsbasis.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 01.12.2009