Hopp til innhold
X
Innhald

Båtruter og losstasjonar i Selje

Ekspressbåten Bergen-Nordfjord har endestasjonen sin i Selje. Her er det Fjordprins som ligg til kai på Nabben. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekspressbåten Bergen-Nordfjord har endestasjonen sin i Selje. Her er det Fjordprins som ligg til kai på Nabben. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Losstasjonar

Losstasjonar vart skipa i Honningsvåg og Ervik. Utkikshaugen for losane i Ervik heiter framleis «Loshylla».

Dei første Fylkesbaatrutene

til Selje gjekk til Eide i Moldefjorden. Rutene starta i 1862. Frå 1874 vart ekspedisjonen flytta til Seljevågen.

Leikanger på Stadlandet

fekk fast anløp av rutebåtar frå Sunnmøre i 1886. MRF vart ekspedert på Stadlandet av Peter R. Bjørlykke og seinare av sonen Peter Bjørlykke. Når folk frå Stadlandet skulle til Ålesund, fylgde dei ein lokal rutebåt som samla opp folk frå Vanylven og småbygdene nordover til Larsnes, der dei steig om på ein større rutebåt for ferda til Ålesund. Stadland-rutene vart lagde ned i 1969. Dei siste åra vart Stadland-ruta trafikkert av ein kombibåt som kunne ta med bilar. Også eit anna reiarlag hadde rutebåten D/S ”Nordfjord” i trafikk på Stadlandet i mange år. Denne ruta gjekk til Bergen ein gong i veka, truleg med start i Trondheim. D/S ”Nordfjord” la til ved ei kai like ved den såkalla Fure-bua på Leikanger. Asbjørn Hoddevik var ekspeditør på denne kaia. Andre rutebåtar frå Møre som trafikkerte rutene på Stadlandet, var ”Ersholm”, ”Nordsol” og ”Sigurd I” som gjekk til Ålesund, og ”Mørejarl”, ”Sunnmøre” og ”Torvald Eriksson” som gjekk i rute på Bergen.

Furebuda i midten, til høgre Ferdaheimen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Furebuda i midten, til høgre Ferdaheimen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johannes Ervik

starta på 1930-talet passasjer- og postkøyring til bygdene på Ytre Stadlandet. Rutene hadde korrespondanse med rutebåtar på Leikanger (til Møre) og i Selje (Fylkesbaatane). Gullik M. Hoddevik tok seinare over i same ruta.

Selje sa «nei»

Då tanken om å skipe Nordre Bergenshus Amtsbaater (Fylkesbaatane) i 1857, gjekk Selje kommune imot. Selje omfatta då også omfatta Vågsøy. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane vart skipa i 1858, og Måløy kom med som stoppestad for Nordfjord-ruta frå første dag.

I 1859 avslo likevel Selje kommune etter framlegg frå Lars H. Eide å yte driftstilskot fordi dei meinte dampskipsrutene både var unødvendige og dyre. Dei hadde nok også i tankane at dei berre hadde eitt rutestopp lengst sør i kommunen. Men Selje måtte bøye seg og ta del i fellesutgftene til det fylkeseigde ruteselskapet.

Eide

Eide i Moldefjorden - den gamle skysstasjonen for ferdsla over Mannseidet - vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1862, men det var berre på sørgåande rute frå Nordfjord til Bergen. Men kravet om at Selje «prestegard» skulle få rutestopp vart reist alt i 1860. Då vart det vurdert i leggje eit rutestopp til Eide i Moldefjorden, men dette vart ikkje gjennomført.

Selje/Nabben

Selje/Nabben vart stoppestad for Fylkesbaatane i kring 1870, då rutestoppen vart flytta frå Eide til Selje. Lokalrutene på Selje tok slutt på 1980-talet. Frå 1988 fekk Selje rutestopp (endestopp) for ekspressbåten Bergen-Nordfjord.

Drage

Drage fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1893, då moloen på 72 meter var ferdig. Men dampskipselskapet tok atterhald om å gå til Drage dersom det var dårleg vêr.

Barmøy

Barmøy fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1895. Etter at Fylkesbaatane avvikla lokalrutene, starta Selje kommune eit lokalt ferjesamband Barmsund-Barmen.

Selje sentrum

har idag dagleg snøggbåtsamband til Bergen.

Barmøya med ferjekaia på fastlandet i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Barmøya med ferjekaia på fastlandet i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2010