Hopp til innhold
X
Innhald

Bergljot Solheim

Beggabua i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Beggabua i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bergljot Solheim starta landhandel på Nabben i Selje på 1930-talet. Ho vart gift med Petter Vederhus og vart mest kjend i bygda under namnet Begga Vederhus. Bergljot hadde truleg drive landhandel på Vetrhus ei stund før ho flytta til Selje. I Selje overtok ho forretningslokala etter den landhandel som Laurits Olai Halvorsen og seinare firma P.I. Hove hadde drive like ved dampskipskaia.

Buda vart etter at Begga Vederhus flytta inn, kalla Beggabuda. Ein slektning av Begga som heitte Per Solheim tok over landhandelen då Begga gav seg kring 1960. Solheim dreiv butikken berre i to tre år før han la ned.

Seinare tok Audhild Drageset over lokala og dreiv blomsterbutikk der. Dei som nytta butikklokala i Beggabuda sist var antikvitetsbutikken Gammel Sjarm. Beggabuda er no bygd om til husvære.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 30.12.2009