Hopp til innhold
X
Innhald

Bernt Clausen Drage

Forretningsbygget som Bernt Clausen  Drage reiste i 1914. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Bernt Clausen Drage reiste i 1914. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bernt Clausen Drage starta bakeri på Leikanger på Stadlandet i 1901, og utvida med landhandel i 1903. I 1914 bygde han nytt forretnings- og bustadhus på Leikanger. I 1915 overtok han ein gard litt lengre vest, på Stave, og der bygde Bernt Clausen Drage kai og sjøhus og starta fiskemottak og sildesalting. Han kjøpte også eigedomar i Måløy der etterkomarane hans m.a. starta Clausens Kafé.

Ei av døtrene til Bernt, Lilly, vart gift med fiskebåtreiar Reinart Hoddevik i Måløy. I 1945 tok sonen til Bernt Clausen Drage, Einar Clausen, over fiskebua og handelen etter faren på Stadlandet, og dreiv firmaet under namnet Bernt Drage Eftf.

Einar slo seg saman med svogeren Reinart Hoddevik og starta krabbemottak på buda på Stave under firmanamnet Leikanger Canning. I den beste sesongen kunne det arbeide kring 15 personar i denne hermetikkfabrikken. Men Leikanger Canning var ingen god butikk for Clausen, og fabrikken vart lagd ned etter få års drift.

Kaia og fiskebua som Bernt Clausen Drage bygde på Stave. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kaia og fiskebua som Bernt Clausen Drage bygde på Stave. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kring 1948 gjekk Einar Clausen konkurs og livnærte seg sidan som bakar på Stadlandet fram til 1954 då han drog til Sykkylven som bakar og seinare til Sumstad Bakeri i Måløy.

Sonen til Einar Clausen, Trygve Clausen, overtok fiskebua på Stave og dei andre forretningane på Stadlandet etter faren. Han dreiv m.a. med spekesildproduksjon og seimottak for tørking på hjell. Trygve Clausen la ned fiskebua i 1959.

Etter at Clausen la ned handelen på Leikanger har butikklokala vorte leigde som filial for Selje Sparebank/Sparebanken Vest og til ein blomsterbutikk som først vart driven av Wenke Årset og deretter av Inga Marie Eltvik.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.01.2010