Hopp til innhold
X
Innhald

Bernt Tunold

Bernt Tunold. Foto: Bøbak.

Bernt Tunold. Foto: Bøbak.

Bernt Tunold - sjølvportrett.

Bernt Tunold - sjølvportrett.

Bernt Tunold (1877–1946) frå Selje. Ein av dei mest framståande kunstnarane frå Sogn og Fjordane. Inspirert m.a. av venen Nikolai Astrup, og vart særleg kjend for sine Vestlandsmotiv med meisterleg bruk av grønfargar. Budde ei tid på Sortland, og i Ommedalstunet i Hyen, før han flytta til Selje, og seinare til Bergen.

I Hyen måla Tunold nokre av sine beste bilete. Då han flytta til Selje reiv han og tok med seg den gamle røykstova som han budde i i Ommedalstunet. Etter ei tid flytta Tunold til Bergen, og fekk etter kvart store problem med alkoholmisbruk. For å livnære seg i denne tida selde han ofte bileta sine før målinga var tørr. Når han selde bileta på gata bar han dei i eit spesielt stativ på ryggen, slik at dei våte måleria ikkje skulle klistre seg saman.

På slutten av livet kvitta Tunold seg med alkoholen, og hadde på 1940-talet ein svært god periode som kunstnar. Er representert m.a. i Nasjonalgalleriet og i Bergen Billedgalleri. Bautastein over Bernt Tunold vart reist i Selje 1951 av Nordfjordlaget i Bergen og ungdomslaget Framsteg (sjå: Lag og organisasjonar i Selje).

Utsnitt av eit måleri av Bernt Tunold - Høst, gammelt hus Hjelmeland. © Blomqvist Kunsthandel.

Utsnitt av eit måleri av Bernt Tunold - Høst, gammelt hus Hjelmeland. © Blomqvist Kunsthandel.

Maaneskin Hardanger 1906. © Blomqvist Kunsthandel.

Maaneskin Hardanger 1906. © Blomqvist Kunsthandel.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011