Hopp til innhold
X
Innhald

Birkeli Gjestgiveri

Birkeli Gjestgiveri er det ytste huset på Nabben på dette biletet, teke tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Birkeli Gjestgiveri er det ytste huset på Nabben på dette biletet, teke tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Birkeli Gjestgiveri på Nabben i Selje vart starta i 1905 av Edvard Birkeli frå Svelgen. Han dreiv også handel.

Like etter 2. verdskrig tok Margit Moldestad over pensjonatet og dreiv det under namnet Moldestad Pensjonat fram til det nye Selje Hotell stod ferdig i 1975.

Dei siste åra hadde Margit Moldestad hjelp av to svigerinner til drifta av pensjonatet. Eigedomen er i dag bygd om til husvære.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 30.12.2009