Hopp til innhold
X
Innhald

Brenning-forliset

i 1956 kravde 19 menneskeliv på Stadhavet. Fiskebåten ”Brenning” frå Røsvik i Salten i Nordland fylke gjekk rundt, og redningsmannskap kunne høyre bankesignala frå overlevande inne i vraket, utan å kunne hjelpe.

Berre ein overlevde

«Brenning». Fotoet er henta frå boka til Leo Oterhals om Rokta-forliset. Ulukka bar til om morgonen den 2. mars 1952. Snurparen ”Brenning” var på heimtur etter sildefiske ved Måløy og var komen nord for Buholmen ved flua Vossa då ein brottsjø fylte den eine dorryen som hengde oppheist langs skipssida. Den ujamne vekta gjorde at ”Brenning” tippa rundt og låg med kjølen i veret.

Berre ein overlevde

Ei mengd fiskebåtar, ei redningsskøyte, hurtigruta og ein slepebåt kom til for å hjelpe. Frå Bergen kom to MTB-ar med froskemenn, men høg sjø og vrakgods hindra dykking. Den einaste som overlevde var Nils Evjen frå Folvik, som vart berga av hjelpefartyet ”Oldervåg”. Med heltemoding innsats greidde to av mannskapet på redningsskøyta ”Willie Wilhelmsen” å feste ei slepetrosse i propellen på ”Brenning” for å slepe den til lands. Men trossa rauk om natta, og snurparen sokk utanfor Hoddevik.

Innsamling til dei etterletne

Den 11. mars vart det halde minnegudsteneste i Måløy kyrkje, og gjennom kyrkjeofring og gjennom avisa i Måløy vart det samla inn kring 11.000 kroner til dei etterletne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 05.05.2007