Hopp til innhold
X
Innhald

Claus Frimann

Siluett av diktarpresten Claus Frimann.

Siluett av diktarpresten Claus Frimann.

Claus Frimann (1746-1829). Prest og diktar. Den kjende diktar-presten var sokneprest i Davik i 40 år. Frå 1800 til 1817 også prost i Nordfjord.

Han var fødd i Selje, og fekk også tilnamnet «sildapresten» fordi han dreiv fiskebruk og sildesalteri, i tillegg til jordbruk.

Mest kjend for diktet «Ondt ofte lider den fiskermand». Gav ut åtte bøker, m.a. «Almuens Sanger» (1790), andaktsbøker for «almuen» og ei spesiell andaktsbok for fiskarar. Kommandør av Dannebrogs orden.

Bygde staseleg hus

På Davik arva Claus Frimann ein del av garden Ytre-Davik etter mora i 1785. Han bygde eit staseleg herskapshus på to etasjar og med halvvalma tak på høgda over sjøen. Huset vart seinare flytta til storgarden Vik i Stryn, der det står framleis.

Claus Frimann anla ein flott hage med vegar, og planta trealléar og frukttre. Nede ved fjorden bygde han ei bryggje. Eigedomen kalla han 1821 for «Frimannslund», og garden vart i åra som fylgde ein samlingsstad for overklassen i Nordfjord med den festglade diktarpresten som vert for store festar.

"De 11 apostler"

Claus Frimann planta også ein eigen «diktarlund» av furetre like ved kyrkja på Davik. Denne lunden vart kalla ”De 11 apostler”, og i 1935 vart den freda ved lov. Denne fredinga vart oppheva i 2006 fordi det då berre var sju tre igjen, og deteine av desse måtte fellast fordi det var ein fare for ein nærliggande barnehage.

Forretningstalent

I tillegg til prestegjerninga, var Claus Frimann ein dyktig forretningsmann som dreiv stort med eigne jekter, sildebruk og salteri. Mellom storgardane som Claus Frimann slo under seg i Nordfjord, var den kjende sorenskrivargarden Leikvin på Løken i Eid. Denne garden kjøpte han i 1803.

Son til Sara Cold Frimann, bror til Peter Harboe Frimann jr., og far til Peder Harboe Clausson Frimann.

Sjå også:

Selje prestegard der Claus Frimann vart fødd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje prestegard der Claus Frimann vart fødd. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.06.2012