Hopp til innhold
X
Innhald

Distriktslegane i Selje

Doktergarden i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Doktergarden i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Først i 1921 vart Selje eige legedistrikt. Distriktslegetenesta i landsdelen vart organisert i 1802 – med ein distriktslege for Sunnfjord og Nordfjord, buande i Innvik. Frå 1840 vart Nordfjord eige legedistrikt, og i 1858 vart Nordfjord delt i eit indre og eit ytre med distriktslege i Måløy.

Sør- og Nord-Vågsøy kommunar vart skilde ut frå Selje kommune i 1910, og Selje kommune bygde legebustad i Selje i påvente av at den reduserte kommunen skulle få eigen distriktslege. Men det skulle gå heilt fram til 1921 før Selje vart eige legedistrikt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2010