Hopp til innhold
X
Innhald

Dragseidet som tjodveg

Dragseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK

Dragseidet. Foto: Ottar Starheim, NRK

Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde Stadhavet, har sjøfarande frå forhistorisk tid drege båtane over det låge Dragseidet, derav namnet. Skipa vart dregne over rullande stokkar, og framleis kan ein sjå far etter den gamle slepa der båtane vart dregne.

På Kongshaugen på Dragseidet står desse minnesteinane. Foto: Hermund Kleppa © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Kongshaugen på Dragseidet står desse minnesteinane. Foto: Hermund Kleppa © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Saman med den gamle ferdslevegen over Filefjell, var denne vegen over Dragseidet dei første offentlege vegane i fylket. Dei vart kalla «tjodvegar» fordi ein ryttar skulle kunne halde eit spyd (tjod) med to vidjeringar ute på kvar ende på tvers over salen når han reid. Då skulle vegen vere rydda så brei at vidjeringane ikkje vart ruska av. Sjå også soga om då Olav Tryggvason tvangskristna vestlandshovdingar på Dragseidet i 997 (nedanfor).

Tvangskristna av kongen

Olav Tryggvason samla i 977 bøndene frå Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke til ting på Dragseidet. Med ein stor hær i ryggen, baud kongen dei frammøtte å bli kristna, eller å halde slag med han. Bøndene såg at overmakta var for stor, og let seg tvangskristne.

Stor steinkross

På Kongshaugen midt i skaret vart det i 1913 sett opp ein stor steinkross til minne om hendinga i 997.

Frå avdukinga av krossen på Dragseidet i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå avdukinga av krossen på Dragseidet i 1913. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Historisk spel

Kong Harald V var i 1997 til stades ved 1000-årsmarkeringa på Dragseidet, i spissen for eit stort tal prestar og eit publikum på 10.000 menneske. Der vart m.a. historiespelet «På sverdeggja» av Rolf Losnegård framført. Spelet har kvart år sidan vorte framført på utescenen ved den historiske staden der den første større kristininga i Noreg fann stad i 997.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.04.2010