Hopp til innhold
X
Innhald

Ervik Havfiske A/S

Ervik Havfiske på Otneim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ervik Havfiske på Otneim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ervik Havfiske A/S med hovudkontor på Stadlandet er det største fiskeriselskapet i Noreg innan autolinebåtar. Selskapet vart grunnlagt i 1987 av Stig Tore Ervik og Kjell-Magne Ervik frå Ervik.

I 1996 gjekk dei saman med det Måløy-baserte Domstein-konsernet i Ervik Sjøfisk Invest. Selskapet hadde i 2003 eigardelar i 12 autolinebåtar og fire sjarkar med autoline.

Kring 200 fiskarar er sysselsette i selskapet, som i 2006 hadde ein omsetnad på nærare 86 millionar kroner.

I 2011 investerte Ervik Havfiske i den største banklinebåten i verda, Frøyanes, til 175 millionar kroner. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

I 2011 investerte Ervik Havfiske i den største banklinebåten i verda, Frøyanes, til 175 millionar kroner. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

I 2010 opererer Ervik Havfiske 16 moderne linebåtar som til saman fangar kring 26.000 tonn kvitfisk kvart år. I 2011 får selskapet overlevert den største autolinebåten i verda, nye "Frøyanes". Båten blir 60 meter lang og får ein lastekapasitet på 600 tonn, og kostar 175 millionar kroner.

Ervik Havfiske har eit stort forsyningsbygg med kai på Otnes aust for Leikanger. Dette bygget på Otnes vart opphaveleg bygd for gruveselskapet Stad Mineral AS (sjå artikkelen: Kvartsgruva på Fløde).

I 2006 vart Ervik Havfiske 100 prosents eigar av selskapet Westmek AS (sjå Sjåstad Industrier AS) som har bygd stort vedlikehaldsverkstad i Borgundvåg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.10.2011