Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje

Frå produksjonslokala til Fiskevegn AS på Flatraket. Foto: NRK.

Frå produksjonslokala til Fiskevegn AS på Flatraket. Foto: NRK.

Kortvarig hermetikkindustri

Eigar av handelsstaden Osmundsvåg, Christian Wiese, gjorde i 1875 dei første forsøka med hermetiske varer i Sogn og Fjordane. Han i 1876 rosande omtale på eit utstilling i Philadelphia, USA for hermetikkprodukta av krabbe og fisk. Sjølv om han også fekk medalar for produkta på utstillingar i Europa, la han ned fabrikken tidleg på 1880-talet, og gjekk konkurs i 1890. Wiese var ordførar i Selje 1876-1890.

Elias A.R. Lekanger

starta 1909 fiskeforretning, trandamperi og hermetikkfabrikk på Stadlandet. I 1917 tønnefabrikk. Frå 1935 heitte familiebedrifta Statt Preserving, Lekanger & Co. Sysselsette på det meste 35 personar.

Reinhardt Ervik - trevarefabrikk

Reinhardt Ervik starta 1909 trevarefabrikk på Stadlandet. Produserte dører, trapper, vindauge, utskorne møblar og likkister.

Drageseth-familien grunnla dagens Selje

Det moderne Selje sentrum med industri og hotell er i stor mon grunnlagt av to brør, Wald Drageseth og Asbjørn Drageseth.

Trandamperi og slipp

Under dei rike torskefiskeria på 1920-talet låg det seks trandamperi kring Selje sentrum. I same periode dreiv Selje Slip og Mekaniske Verksted med vedlikehald av fiskebåtar.

Gabriel Reed - skjortefabrikk

Gabriel Reed var opphaveleg banksjef, og starta etter konkursen i Statlandets privatbank i 1930 ny skjortefabrikk på Stadlandet. Fabrikken produserte for det meste arbeidsskjorter, og vart driven til ca. 1980.

Selje Skjortefabrikk AS

vart grunnlagd i 1946 - sjå artikkelen Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Aardals Båtbyggeri

i Selje vart starta av Karl Aardal i 1945.

Selje Slip og Mekaniske Verksted

- sjå Aardals Båtbyggeri.

John Berge - stolfabrikk

John Berge, Selje, dreiv stolfabrikk i Selje frå 1947 og eit stykke fram på 1950-talet. Hadde 8-10 personar i arbeid. Produserte kontor- og arbeidsstolar.

Selje Trevare A/S

vart grunnlagt i 1948 av Leif Berge, som seinare fekk brørne Ragnvald og Bård som kompanjongar. Dei første åra dreiv Selje Trevare produksjon av skipsstolar, dører, vindauge og trapper. Gjekk sidan over til sal av bygningsvarer og byggjing av trehus. Berge kom med i byggevarekjeden Bygger’n og utvida forretninga i 2006.

Selje Bruk AS

plastbåtfabrikk vart skipa i 1960 - sjå artikkelen Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Dragebygg AS

vart skipa på Stadlandet av Gunnar Drage og sønene Mathias, Gudmund og Ola Drage i 1968. Selskapet vart AS i 1983 med Mathias Drage som dagleg leiar. Verksemda driv entreprenørverksemd, byggevare- og interiørforretning, og hadde i 2001 12 tilsette og ei omsetning på 13 millionar kroner. I 2000 overtok Dragebygg Fagerhil Bygg på Fiskå, Vanylven, med fire tilsette.

Kvartsgruva på Fløde

I 1972 starta Johan Eide frå Sjøholt på Sunnmøre utvinning av kvarts frå ein førekomst på Flødefjellet på Otneim på nordsida av Stadlandet.

Stad Mineral AS

- sjå Kvartsgruva på Fløde.

Stad Pelforlag

- sjå Kvartsgruva på Fløde.

AS Fiskevegn

på Flatraket vart grunnlagt i 1974 av Bodvar Vetrhus.

Saga Boats A/S

Saga Boats A/S

vart skipa 1983 som ei vidareføring av Selje Bruk. Sjå artikkelen Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Selje Plastindustri

skipa 1976 av Wald Drageseth. Eigd og drive av sonen Geir, og seinare med Wald Drageseth sin svigerson Anders Lien. Sjå artikkelen Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Selantic Industrier A/S

skipa av Anders Lien (sjå også Selje Plastindustri ovanfor) i 1984.

Sjåstad Industrier AS

på Stadlandet vart grunnlagt i 1992 av Nils Per og Anfinn Sjåstad.

Westmek AS

- sjå Sjåstad Industrier AS.

Stadpipe AS

på Stadlandet vart skipa i 2000 av Nils Per Sjåstad, Stig Rune Sjåstad og Sigve Røkås.

Global Enviro International AS

frå Ulsteinvik starta avdeling i Selje i 2006 med fem tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011