Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Selje

Arne P. Kjøde var krigsseglar og miste livet i 1944.

Arne P. Kjøde var krigsseglar og miste livet i 1944.

Peder Sandvik omkom i London i mars 1945 under eit flyåtak på byen.

Peder Sandvik omkom i London i mars 1945 under eit flyåtak på byen.

under 2. verdskrig:

(Du finn fleire opplysningar under Kjende personar i Selje)

  • Karen Olofine Knutsen (1859–1944) frå Selje.
  • Lovise Marie Olsen (1864–1944) frå Selje. Pensjonert handelsbetjent.
  • Peder Sandvik (1879–1945) frå Selje. Gardbrukar, kvalfangar og mannskap på Nordsjø-farten.
  • Annfinn Kornelius Leganger (1888–1942. Sjømann og krigsseglar.
  • Ole Kristoffer Mathias Flataker (1892–1944) frå Flatraket. Gardbrukar og fiskar.
  • Mons Kornelius Flataker (1896–1944) frå Flatraket. Gardbrukar og fiskar.
  • Sigvald Einar Hove (1896–1941) frå Selje. Tømmermann og krigsseglar.
  • Olaf Aarsheim (1898-1941) frå Selje. Skipstømmermann og krigsseglar.
  • Albert Sverre Sivert Reinhardt Flataker (1902–1944) frå Flatraket.
  • Malvin Wilhelm Flataker (1905–1944) frå Flatraket. Småbrukar og fiskar.
  • Karnot Johannes Brekke (1906–1940) frå Selje. Sjømann og krigsseglar.
  • Hjalmar Simon Karlot Sande (1915–1943) frå Selje. Matros og krigsseglar.
  • Arne P. Kjøde (1908–1944) frå Kjøde. Maskinist og krigsseglar.
  • Alfred Olaf Dankert Teigen (1914–1942) frå Selje. Sjømann og krigsseglar.
  • Otto Marius Teige (1916–1944) frå Selje. Småbrukar, fiskar og soldat.
  • Petter Hjalmar Eltvik (1917–1942) frå Stadlandet. Kokk og krigsseglar.
  • John Normann Fløde (1917–1944) fødd i Bergen, busett i Selje kommune. Medisin-student.
  • Karstein Mathias Stokkevåg (1921–1944) frå Stadlandet. Motorbåtførar.
  • Håkon Mathias Bjørlykke (1923–1943), postekspeditør frå Selje, busett i Trondheim.
  • Reidar Jonn Drage (1924–1946) frå Stadlandet. Gardsarbeidar og soldat.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 22.04.2010