Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeverksemder i Selje

To gode representantar for fiskarstanden i Selje. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

To gode representantar for fiskarstanden i Selje. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Leikanger Canning

- sjå Bernt Clausen Drage.

Johan Berge

starta fiskemottak og fiskehandel på Nabben i Selje 1917.

Trandamperi og slipp

Under dei rike torskefiskeria på 1920-talet låg det seks trandamperi kring Selje sentrum. I same periode dreiv Selje Slip og Mekaniske Verksted med vedlikehald av fiskebåtar.

Elias A.R. Lekanger

Elias A.R. Lekanger

starta i 1909 fiskeforretning, trandamperi og hermetikkfabrikk på Stadlandet. I 1917 starta han tønnefabrikk. Frå 1935 heitte familiebedrifta Statt Preserving, Lekanger & Co. Verksemda sysselsette på det meste 35 personar.

Stadlandet Kjøleanlegg

vart i 1960 overteke av AS Fiskeforsyning. Dette selskapet var eigd på samvirkebasis av fiskarane i Sogn og Fjordane, og liknande ”samvirke-anlegg” vart bygde i Solund, Bulandet, Bremanger og Raudeberg.

Per Stave A/S

på Stadlandet er den største fiskeforedlingsverksemda i Selje kommune ved sida av Domstein-konsernet sitt anlegg i Moldefjorden.

Domstein Selje Fiskeindustri i Moldefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Domstein Selje Fiskeindustri i Moldefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje Fiskeindustri AS

i Moldefjorden vart grunlagt i 1979 av Svein Eilertsen frå Stokmarknes. Verksemda dreiv dei første åra med klippfisk, tørrfisk og innfrysing av makrell. Selje Fiskeindustri AS vart overteke av Domstein-konsernet 1985. Verksemda sysselsette i 2000 45 årsverk.

Ervik Havfiske A/S

vart starta i 1987 av Stig Tore og Kjell Magne Ervik og er største fiskeriselskapet i Noreg innan autolinebåtar.

Ervik Sjøfisk Invest

- sjå Ervik Havfiske A/S.

Ervik Havfiske har hatt fleire båtar med namnet Frøyanes. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Ervik Havfiske har hatt fleire båtar med namnet Frøyanes. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Fiskerikonsernet Pan Fish

med Arne Nore frå Bryggja som grunnleggjar og hovudaksjonær eigde dei fleste store oppdrettsanleggja i Selje kommune, etter at dei i 2000 også kjøpte fleire anlegg frå Måløy-selskapet OK-Fish Kvalheim. Etter økonomiske vanskar i det store Pan Fish-konsernet vart dei fleste aksjane kjøpte opp av den rikaste mannen i Noreg, skipsreiar John Fredriksen, gjennom selskapet Marine Harvest AS.

Rakfiskproduksjon ved havet

Rakmakaren på Barmen vart skipa i 1993 av Magni og Egil Myklebust på Barmen. verksemda har spesialisert seg på produksjon av rakfisk, og hadde i 2003 ein årsproduksjon på 15 tonn. I slaktesesongen sysselset verksemda 6-7 personar.

Atlantic Cod Farms AS

torskeoppdrett på Stadlandet vart skipa i 2003 av Kenneth Brandal m.fl.

Selje Marin Farm AS

i Moldefjorden vart starta i 2003 med Stig Bakke frå Davik og Per-Sindre Årvik og andre medlemer av Årvik-familien. Selskapet driv oppdrett av torsk i eit tidlegare lakseoppdrett.

Les meir om: Industri og næring i Selje

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.08.2012