Hopp til innhold
X
Innhald

Folk frå Selje i tysk fangenskap

under 2. verdskrig:

  • Mathias Berstad fødd 1889, løytnant. Arrestert 18.08.1943, overført Schildberg, overført Luckenwalde og sat der til freden.
  • Sigurd Berstad fødd 1921. Arrestert 21.06.1943, overført Vollan, og sett fri 23.07.1943.
  • Reidar Djupedal fødd 1921, student. Arrestert 30.11.1944, overført Stavern, overført Buchenwald 7.01.1944, overført Sennheim, overført Buchenwald og sat der til freden.
  • Johannes Ervik fødd 1912, lettmatros. Arrestert 17.06.1940, overført Dakar i Vest-Afrika, og rømde 24.03.1941.
  • Ole Sætren fødd 1880, arbeidar. Arrestert 31.12.1941, overført Grini 7.01.,1942, og sett fri 25.03.1942.
  • Emil Kristoffer Aarsheim fødd 1913, misjonær i Kina. Arrestert saman med ektemaken Eli Aarsheim fødd 1912 og dei fire småborna deira: Einar, Inger, Kari og Trygve. Familien sat i fangeleir i Kalgan i Mandsjsuria til freden.
  • Eli Aarsheim fødd 1912 - sjå Emil Kristoffer Aarsheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.04.2008