Hopp til innhold
X
Innhald

Folket på Stad sokna til Åheim

St. Jetmund-kyrkja på Åheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

St. Jetmund-kyrkja på Åheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Truleg høyrde både Vanylven og Rugsund til Selje prestegjeld i mellomalderen.

I storm og hardt vinterver kunne det vere vanskeleg for kyrkjefolk på nordsida av Stadhalvøya å ta seg over fjellet til kyrkja i Selje. Difor hadde nordstrendingane rett til å nytte St. Jetmundkyrkja på Åheim. Denne steinkyrkja vart bygd kring 1100, og stadværingane fekk bruke den på vilkår av at dei heldt ved like eit sidebygg av tre.

I 1830 sa stadværingane vestafor garden Otneim frå seg retten til å nytte gravstaden på Åheim. Frå Otneim og austover hadde ein rettar på kyrkjegarden i Åheim inn på 1880-talet.

Dersom uveret hindra folket i Kjødepollen å kome seg til St. Jetmundkyrkja på Åheim, vert det fortalt at dei samla seg rundt «Kyrkjesteinen» i Kjøde og song salmar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010