Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsdrifta kring kaia på Leikanger

Furebuda i midten, til høgre Ferdaheimen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Furebuda i midten, til høgre Ferdaheimen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ekteparet Samuel Årvik og Johanne Hoddevik starta landhandel ved kaia på Leikanger kring 1900 i ei bu som då vart kalla ”Årvikbuda”. I tillegg til varehandel vart det også drive sildesalting i denne bua, og kaia vart trafikkert av rutebåtar frå Møre. Samuel Årvik døydde ung. Enkja Johanne gifta seg opp att med ein mann frå Sylte, og fiskebua vart i den tida Sylte var der, kalla ”Syltebuda”. Ei tid dreiv også Ditlef Apelset eit bakeri i ein bygning ved kaia.

Sylte reiste etter ei tid frå Stadlandet. Johanne Hoddevik la då ned handelen, men leigde ut fiskebua til andre som kunne drive. Under krigen vart bua og dei andre bygningane kverrsette av tyskarane til forlegning og andre føremål.

Like etter 2. verdskrig fekk Margit Fure hjelp frå faren Peder Fure og bestefaren Hans Hoddevik til å overta bygningane ved kaia, mellom desse fiskebua. Sidan den tid har bua vorte kalla ”Furebuda”. Margit Fure var på den tida ei ung kvinne. Ho reiste etter ei tid ut, slik at det vart faren Peder Fure som dreiv kaia og verksemda i Furebuda.

Ei dotter til Hans Hoddevik, Marta Hoddevik, hadde vore styrar for pensjonatet Ungdomsheimen i Ålesund. I 1950 kom ho heim til Stadlandet og starta pensjonatet Ferdaheimen i eitt av husa ved kaia. Seinare vart Ferdaheimen utvida med ei ny fløy. Då Marta Hoddevik gav seg, overlet ho drifta til systerdottera Margit Fure. Ferdaheimen vart driven til 2006.

I 1955 starta Julius Fure og ektemaken Anne Helene Fure landhandel i det såkalla ”gamlehuset” ved kaia, der landhandelen hadde vorte driven tidlegare. Julius Fure var bror til Margit Fure som dreiv Ferdaheimen.

I 1965 bygde Julius Fure nytt, kombinert forretnings- og bustadhus like ved kaia, og her dreiv han til butikken vart lagd ned tidleg på 1990-talet.

Butikklokala har sidan vorte leigde ut til ein klesbutikk og ein frisørsalong.

Ferdaheimen til venstre, til høgre forretningsbygget som Julius Fure reiste i 1965. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferdaheimen til venstre, til høgre forretningsbygget som Julius Fure reiste i 1965. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.01.2010