Hopp til innhold
X
Innhald

Forretningsfamilien Drage

Dragebygg på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dragebygg på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1952 starta brørne Gunnar og Harald Drage og Johan Myklebust Stadlandet Bruk på Leikanger. Dette var ein trevarefabrikk som framstilte trapper, dører, vindauge og andre innreiingsartiklar. Dei laga også stoppa møblar. Fabrikken var eit toetasjes bygg på til saman 480 kvadratmeter. Dette bygget var utgangspunktet for entreprenør- og byggevareforretninga Dragebygg då den vart starta i 1968 av Gunnar Drage og sønene Mathias, Ola og Gudmund. Ola Drage reiste kort tid etter til Førde der han overtok ei entreprenørforrenting og slo seg opp som entreprenør og som eigar av fleire store forretningsbygg i Førde og Florø.

Dragebygg på Leikanger vart aksjeselskap i 1983 med Mathias Drage som dagleg leiar. Dragebygg AS driv entreprenørverksemd, byggevare- og interiørforretning på Leikanger, og har i 2008 20 tilsette og ei omsetning på 26 millionar kroner.

I 2000 overtok Dragebygg AS byggevareforretninga Fagerhol Bygg med fem tilsette på Fiskå i Vanylven kommune. Tredje generasjon i familien Drage er no komne med i den daglege leiinga.

Strandtorget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strandtorget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1992 bygde Dragebygg AS den kombinerte forretnings- og bustadgarden Strandtorget i Leikanger sentrum. Strandtorget har ei samla golvflate på 1470 kvadratmeter fordelt på tre etasjar. Seinare har Mathias Drage overteke som eineeigar av Strandtorget AS. I første etasje på Strandtorget driv Dragebygg sin eigen interiørbutikk. Dessutan held røyrleggjar Sigbjørn Sjåstad til der med Stadlandet VVS, starta i 1996. Også barnetøybutikken Inas Butikk som vart starta av i 1993 av Astrid Stave, Inger Hoddevik Årvik, har butikken i Strandtorget. Inas Butikk vart to år etter skipinga overteken av Astrid Stave åleine. I Strandtorget var det tidlegare postkontor, men då det vart lagt ned flytta Atlantic Cod Farms AS (sjå dette) inn med kontora sine. I kjellaretasjen er det innreidd kino.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.01.2010