Hopp til innhold
X
Innhald

Gabriel Heiberg (Selje)

Gabriel Heiberg (1769–1838), prest i Selje 1806 – 1826.

Gabriel Heiberg hadde «distriktskommandoen» over det lokale sjøforsvaret under to engelske fregattars angrep ved Silda i 1810 (sjå Krigshistoria i Selje).

Han vart stilt for krigsrett for handlingane sine den gongen, men vart hjelpt frå straff av andre geistlige, fordi det var urimeleg å døme han for manglande motstand når gastane hans ikkje hadde skikkeleg utstyr å forsvare seg med.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.03.2008