Hopp til innhold
X
Innhald

Gamleheim og sjukeheim i Selje

Seljetunet Omsorg og Rehabilitering på Hamre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Seljetunet Omsorg og Rehabilitering på Hamre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamleheimen ved Seljesanden vart opna i 1955. Dei første løyvingane til heimen vart sette av så tidleg som i 1929.

Selje Sanitetsforening bygde på 1960-talet ut helsesenter og helsestasjon og sjukeheim i nokre paviljongbygg langs Seljesanden.

Då den nye sjukeheimen på Hamre litt lengre inne i bygda vart opna i 2002, vart mesteparten av dei gamle bygningane ved Seljesanden overtekene av private. M.a. er elektronikkselskapet Paneda AS lokalisert der, og her ligg også kontor for fysioterapeut. Sjukeheimen på Hamre har i dag namnet Seljetunet Omsorg og Rehabilitering.

Også på Flatraket og på Stadlandet er det bygt kommunale eldrebustader. På Stadlandet leiger kommunen i tillegg nokre husvære for eldre i privathus.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.04.2010