Hopp til innhold
X
Innhald

Gerd Kjellaug Berge

Gerd Kjellaug Berge fødd 1943 i Sogndal, busett i Selje. Frå 1976 var ho direktør ved Selje Hotell, og frå 1983 til 2014 eigar saman med mannen Harald Berge.

Ho har vore president i Norsk Hotell- og Restaurantforbund. Styremedlem i Næringslivets Handelsorganisasjon (NHO), og frå 2000 til 2004 visepresident i NHO.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Frå 2001 til 2005 medlem i styret for Helseregion Vest.

Dotter til Karl Lerum og syster til Kåre Lerum og Bjarne Lerum.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.06.2015