Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveria i Moldefjorden

Lensmann Hans Rasmusson Bortne, som vart lensmann i Selje i 1722, dreiv gjestgiveri på garden sin på Berstad inst i Moldefjorden.

Like ved, på garden Eide, budde også skysskaffaren som hadde ansvaret for skysshestar og båtar for folk som reiste over Mannseidet, eller langs postruta over til Rimstaddalen og Bryggja i Nordfjord (les meir om dette under samferdsle). Skysskaffaren dreiv også gjestgiveri.

Også på garden Salt på sørsida av løpet til Moldefjorden budde det skysskaffarar som dreiv gjestehus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.06.2008