Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Drage

Håkon Drage fødd 1939 på Stadlandet, busett i Leikanger. Arkitekt og biletkunstnar.

Håkon Drage fødd 1939 på Stadlandet, busett i Leikanger. Arkitekt og biletkunstnar.

Eksamen som sivilarkitekt frå NTH i Trondheim. Han arbeidde som fylkesreguleringsarkitekt og fylkesbyggesjef i Sogn og Fjordane fram til 2001. Han hadde fleire engasjement for NORAD i Kenya og Botswana på 1990-talet.

Drage vart utdanna biletkunstnar ved SF Kunstskule og har delteke på Distriktsutstillinga.

Bror til Ola Drage og ektemake til Margret Igland.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 23.03.2010