Hopp til innhold
X
Innhald

Handelslaget AS

Handelslaget AS vart opna i Selje i 2006 og er eit lite kjøpesenter med plass til fire butikkar i dei tidlegare lokala til Selje handelslag/COOP.

Bak handelslaget står Roger Hamre, Linda og Wenche Rundereim og Bjørn og Vidar Berge. Bygget inneheld byggevareforretning, gåvebutikk og butikkar for sko og klede.

Handelslaget AS gjekk konkurs i 2006, men kom i gang att i 2007 under namnet Nabben Pryd og mote AS.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.10.2009