Hopp til innhold
X
Innhald

Historia i Selje

Selje kloster er ein viktig del av historia i Selje. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Selje kloster er ein viktig del av historia i Selje. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Fornfunn

Fornfunn frå steinalderen er rikast kring Moldefjorden og Barmen. Her er det spor av mange buplassar og gravrøyser. På Barmen står ein runestein kalla Kortvarden med 24 teikn frå den eldre runerekkja.

Jernaldergard

Frå jernalderen er det funne ein stor jernaldergard i Kvennhaugdalen i Selje. Utgravingar i 1974 avdekka m.a. eit 28 meter langt hus, og at garden hadde vore i bruk i 650 år.

Relikviefragment funne i Selje blir oppbevart på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Relikviefragment funne i Selje blir oppbevart på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Då Harald Hårfagre la under seg Firdafylke

I Snorre Sturlason sine kongesoger vert det fortalt korleis Harald Hårfagre – etter å ha lagt under seg Trøndelag og Møre – reiste sørover og la under seg Firdafylke.

Selje kloster og Sunniva-legenden

Klosteret på vestsida av Seljeøya er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. Den fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne.

Selja og Selje kloster sett frå Drage på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selja og Selje kloster sett frå Drage på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dragseidet som tjodveg

Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde Stadhavet, har sjøfarande frå forhistorisk tid drege båtane over det låge Dragseidet, derav namnet. Skipa vart dregne over rullande stokkar.

På Bergen Museum finn vi desse arkitekturfragmenta frå Selje. Foto: Arild Nybø, NRK.

På Bergen Museum finn vi desse arkitekturfragmenta frå Selje. Foto: Arild Nybø, NRK.

Siste norske korsferda frå Selje?

Den siste norske korsferda skal etter segna ha teke ut frå Seljeøya den 17. januar 1271.

Svensk åtak på Selje kloster?

Ei segn fortel at 3-4 svenske krigsskip ein gong på 1500-talet gjekk til åtak på Selje kloster og skaut bygningane i filler.

Segner frå Selje

Her er eit lite utval av segner frå Selje, samla av Emil J. Djupedal.

Rovdyrsoger frå Selje

Ulven var i gamle dagar til stor plage for husdyrhaldet heilt ut til dei ytste kyststroka – slik også i Selje.

Fiskarane må ut på opne havet for å få fangst, og veret er ikkje alltid så godt som då dette biletet vart teke av Ryssenes frå Barmsund på sildefiske ved Kinn på 1950-talet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fiskarane må ut på opne havet for å få fangst, og veret er ikkje alltid så godt som då dette biletet vart teke av Ryssenes frå Barmsund på sildefiske ved Kinn på 1950-talet. Foto: Kåre Botnmark. Eigar: Vest Foto/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ulukker i Selje

I kystkommunen Selje er drukningsulukkene tallause. Stadhavet er eitt av dei mest frykta havstykka på Norskekysten.

Gamle handelsstader og gjestgjevarar

– sjå: Industri og næring i Selje.

Myrmannsvesenet i Selje

Myrmannsvesenet” vart eit omgrep som oppsto frå 1876 kring striden om røysteretten i Noreg.

Utvandringa frå Selje til Amerika

Frå 1851 til 1925 utvandra 1046 personar frå noverande Selje og Vågsøy kommunar til Amerika.

Granskog ved Drage på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Granskog ved Drage på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skogreising i Selje

starta på Eirsholmen i Moldefjorden i 1876, der sokneprest Johan Daniel Stub Landmark planta ut fure, lerk, gran og fleire lauvtresortar. Skogselskapet har reist ein minnestein for Landmark på øya.

Lokalt kystmuseum i Hoddevikbua

I 2007 gjekk ei lokal gruppe saman for å få verna Hoddevikbuda som lokalt fiskerimuséum.

Lag og organisasjonar i Selje

Oversyn over ein del av dei lokale laga og organisasjonane i Selje.

Helsestell i Selje

Distriktslegetenesta i landsdelen vart organisert 1802, men det skulle gå heilt fram til 1921 før Selje vart eige legedistrikt.

Kriminalsoger i Selje

Les soga om paret som levde i "horeri" og vart dømde til døden.

Dagens bibliotek i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens bibliotek i Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Verradaren på Kjerringa. Foto: Rune Bøe, met.no.

Verradaren på Kjerringa. Foto: Rune Bøe, met.no.

Almuebibliotek

vart skipa i 1834 på prestegarden i Selje av prost Wilhelm Koren (sjå denne under Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900). Prosten kosta boksamlinga av eigne midlar.

Kraftforsyning i Selje

Selje kommune kjøpte Skorgevassdraget ved Kjødepollen for 15.000 kroner i 1918 med tanke om å byggje kraftverk i Gryttingfossen.

Verradar på Kjerringa

I 2009 tok Meteorologisk Institutt i bruk ein verradar som er plassert på fjellet Kjerringa på Stadlandet. Radaren har ei rekkevidde på 240 km, og kan varsle med stor presisjon kvar og når det kjem nedbør. Via internett kan folk oppdatere seg på data frå verradaren.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.07.2012