Hopp til innhold
X
Innhald

Husbrenning som smittevern

Foto: ScanStockPhoto

Foto: ScanStockPhoto

I kampen mot tuberkulosen var eit mykje brukt råd å desinfisere husa der sjuke hadde hatt opphald ved såkalla «røyking».

Metoden var å røykleggje romma i huset, og fylket dekte løna til desinfektørar som reiste rundt og «røykte».

Men det var andre som gjekk meir drastisk til verks: I 1912 fekk fylkestinget ein søknad frå ein mann i Selje som ville brenne ned eit smitta hus. Seinare fekk fylket ein liknande søknad frå Gaular i Sunnfjord.

Det vart kvass debatt i fylkestinget om ein skulle gje tilskot til slik nedbrenning, men etter råd frå ein lege, fekk mannen i Selje 445 kroner i erstatning for det nedbrende huset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 20.03.2009