Industri og næring i Selje

Lystbåtar frå Saga Boats i Selje er eit vanleg syn langs norskekysten. Foto: Saga Boats
Omtalane er ordna etter oppstartår:
SAMLESIDER:
*Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje *Fiskeverksemder i Selje
Kremmarleie i Borgundvågen
Borgundvågen er ei lunande bukt på nordsida av Stadlandet. På Borgundholmen var det handelsstad frå 1650.
Kremmar på Kvamme på Stadlandet
På vestsida av innløpet til Kjødepollen ligg den lune Jektevika ved garden Kvamme. Her var det på 1600-talet ein handelsmann.
Gjestgiveria i Moldefjorden
Lensmann Hans Rasmusson Bortne, som vart lensmann i Selje i 1722, dreiv gjestgiveri på garden sin på Berstad inst i Moldefjorden.
Øl og brennevin på Liset
På 1700-talet, då folk frå Stadlandet måtte gå over Liberra for å kome til kyrkje i Selje, dreiv bonden på Liset brennevinsskjenking og handel.
Havstover
som vart nytta som losji under dei store sesongfiskeri, var det vanleg at rorslag inne frå fjordane bygde i kystbygdene i Selje. Desse havstovene stod på bygsla grunn, og vart oftast rigga ned av eigarane når dei rike fiskeåra tok slutt.
Nils Rønneberg
starta gjesteheim og landhandel i Selje i 1839, etter at han selde Handelsstaden Osmundsvåg.
Sjur Liland
– også kalla Sjur i Salt – starta landhandel på Salt ytst i Moldefjorden i 1868.
Nils E. Selløe
starta landhandel i Selje i 1870, og flytta i 1876 til Drage for å drive handel der. Etter flyttinga endra han namnet sitt til Nils Drage. På Drage er det også spor etter ein Peder Drage som skal ha drive handel på 1690-talet, men kva slags handel det var tale om er ikkje kjent.
Selje Forbruksforening
vart skipa i 1872 og dreiv handel i Selje til ca. 1886.
Handel på Stadlandet
På Stadlandet (Leikanger) starta Eirik Simonson Kjøde handel i 1879.

Leikanger ca. 1910. Postkort
Leikanger ca. 1910. Postkort
P.I. Hove
var i mange år ei dominerande forretning ved dampskipskaia på Nabben i Selje.
Laurits Olaus Halvorsen landhandel
– sjå P.I. Hove.
Ingebrigt Drage
starta landhandel på Leikanger i 1885. Han dreiv berre fire år før han la ned.
Selje Sparebank
vart skipa i 1893. Dei første åra hadde banken ope berre ein dag kvar fjortande dag, frå 1912 to dagar i veka.
Nordfjord Sparebank
– sjå Selje Sparebank.
Sparebanken Vest
– sjå Selje Sparebank.
Nabben Kafé
– sjå Selje Sparebank.
Selje Brannkasse
vart skipa i 1895. Laget hadde i 1953 over 1200 medlemmer i Selje og Vågsøy som hadde teikna brannassuranse i laget.
Ytre Nordfjord Branntrygedlag
- sjå Selje Brannkasse.
Gjensidige Sogn og Fjordane
- sjå Selje Brannkasse.
Rasmus Djupedal
starta landhandel i Djupedalen i Selje i 1896.
Eltvik & Åhjem eftf AS
- sjå Rasmus Djupedal.
Handel i Honningsvåg
I Honningsvåg starta Jakob Larsson Honningsvåg handel i 1897.
Ananias A. Hoddevik
starta landhandel på Leikanger i 1898 – sjå og Lokalt kystmuseum i Hoddevikbuda.
Forretningsdrifta kring kaia på Leikanger
Ekteparet Samuel Årvik og Johanne Hoddevik starta landhandel ved kaia på Leikanger kring 1900 i ei bu som då vart kalla ”Årvikbuda”.
Ferdaheimen
pensjonat - sjå Forretningsdrifta kring kaia på Leikanger.
Julius Fure
landhandel - sjå Forretningsdrifta kring kaia på Leikanger.
Bernt Clausen Drage
starta bakeri på Leikanger på Stadlandet i 1901, og utvida med landhandel i 1903.
Bernt Drage Eftf.
- sjå Bernt Clausen Drage.
Leikanger Canning
- sjå Bernt Clausen Drage.
Peter R. Bjørlykke
starta landhandel på Stadlandet i 1903.
Birkeli Gjestgiveri
på Nabben i Selje vart skipa i 1905 av Edvard Birkeli frå Svelgen.
Moldestad Pensjonat
- sjå Birkeli Gjestgiveri.
Statlandets handelslag A/S
vart skipa i 1915 på Leikanger.
Stad Handel
daglegvarehandel - sjå Statlandets handelslag A/S.
Ola Sølvberg
starta landhandel på Nabben i Selje kring 1. verdskrig
Drageseth-familien grunnla dagens Selje
Magna og Øyvind Drageseth kom frå Innvik til Selje i 1916, og i 1918 starta dei med landhandel, kafé og bakeri. Deira etterkomarar sette i gang ei rekkje tiltak som har gitt mange og gode arbeidsplassar i Selje.
Statlandets Privatbank
vart skipa kring 1920, med Gabriel Reed som banksjef. Banken gjekk konkurs under den økonomiske krisa kring 1930, og innskytarane tapte pengane sine, på same vis som det hende då Måløy Privatbank gjekk konkurs på same tid.
Statlandets gjensidige Assuranseforening for Fiskefartøier
vart skipa i 1920. Dette laget hadde alt første året ein forsikringssum på 185.000 kroner.
Selje Handelsforening
vart skipa i 1920, og laget bygde eige forretningsbygg på Nabben.
Selje Handelslag
- sjå Selje Handelsforening.
Coop Prix Selje
- sjå Selje Handelsforening.
A/S Ytre Statt handelslag
på Ferstad vart skipa i 1930. Frå 1939 heitte det Stad Handelslag.
Stad Handelslag
- sjå A/S Ytre Statt handelslag.
Per Hoddevik landhandel
- sjå A/S Ytre Statt handelslag.
Vestkapp Handel
- sjå A/S Ytre Statt handelslag.
Bergljot Solheim
starta landhandel på Nabben i Selje på 1930-talet.
Forretningsfamilien Drage
I 1952 starta brørne Gunnar og Harald Drage og Johan Myklebust Stadlandet Bruk på Leikanger.
Stadlandet Bruk
- sjå artikkelen: Forretningsfamilien Drage.
Dragebygg AS
- sjå artikkelen: Forretningsfamilien Drage.
Strandtorget AS
- sjå artikkelen: Forretningsfamilien Drage.
Stadlandet VVS
- sjå artikkelen: Forretningsfamilien Drage.
Inas Butikk
- sjå artikkelen: Forretningsfamilien Drage.

O. O. Slettermark daglegvarer i Hoddevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Olav Slettemark
starta landhandel i Hoddevik i 1952. Sonen Otto Slettemark tok over i 1997 og har drive den vesle landhandelen sidan.
Nils Sætren
starta elektroforretning i Selje i 1955.
Selje Elektro
– sjå Nils Sætren.
Selje Auto
– sjå Nils Sætren.
Bunnpris Selje
– sjå Nils Sætren.

Selje Auto. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Magnus Rikheim
var medeigar i Småstrandens notlag som hadde nothengje på Nabben i Selje. Frå 1955 dreiv Magnus nothengje og bakeri, men la ned dette då han i 1962 starta fiskemottak i sjøbua på Nabben. Han tok imot fisk frå småfiskarar i distriktet kring Selje, og dreiv mottaket til kring 1980.
Wik Daglegvarer A/S
på Flatraket vart starta i 1971 av Magnar og Mary Ann Wik.

Alf Sjåstad Elektroentreprenør. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Alf Sjåstad Elektroentreprenør
vart starta på Stadlandet i 1974 av Alf Sjåstad. I 1988 bygde Sjåstad eige forretningbygg med utsal på Leikanger. Firmaet har hatt opp til fire tilsette.
Selje Hotell
vart grunnlagt i 1975 av Wald Drageseth. Hotellet hadde frå starten 85 senger, men er seinare utvida fleire gonger.
Selje Sjøhus
- sjå Selje Hotell.
Frimannsbua
- sjå Selje Hotell.
Oddgeir Kvernevik
frå Kvernevik starta som maskinentreprenør i 1978.
Kvernevik AS
- sjå Oddgeir Kvernevik.
Vestkapphuset
- sjå Oddgeir Kvernevik.

Vestkapphuset. Foto: NRK.
Kåsabuda
feriesenter på Venøy vart starta i 1980 av Kristi Myklebust frå Måløy. Anlegget er ei restaurert sjøbu med fire husvære med i alt 15 overnattingplassar.
Selje Camp og Hyttesenter
vart starta i 1981 av Liv og Kåre Hamre. Sonen John Terje Hamre overtok drifta i 2002. I dag har campingplassen sju hytter og oppstillingsplass til 35 bubilar og vogner, samt teltplass. I 2001 vart det bygt nihols golfbane i Djupedalen like ved campingplassen.

Honningsvåg Maskin AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Honningsvåg Maskin AS
på Leikanger vart starta i 1982 av Jarle Honningsvåg. Han hadde då drive som maskinentreprenør i fleire år. I 1997 bygde Honningsvåg eige lager- og servicebygg på Leikanger.
Rundereim Rorbu og Hytter
vart starta på Rundereim i 1984 av dei fire brørne Bjarne, Harald, Håkon og Terje Rundereim.
Rundereim Hytter AS
- sjå Rundereim Rorbu og Hytter.
Vetrhus Feriesenter
vart starta i 1985 av brørne Bjarne og Kjartan Vetrhus og Reidun Vetrhus.
Stadt Servicesenter AS
på Leikanger vart starta i 1991 av Sølvi og Frank Hoddevik.
OtVi AS
- sjå Stadt Servicesenter AS.
Stadt Gardsmat
i Honningsvåg vart skipa i 1999 av Geir Ole og Anne Grete Ervik i Honningsvåg og Tove Husabø og Ole E. Oksholen på Leikanger. Stadt Gardsmat produserer kjøtvarer av sau som vert omsett ved torgsal og frå bil.
Gammel Sjarm
antikvitetsbutikk vart skipa i Selje av Werner Van Den Branden i 2000. Ektemaken Bodil Van Den Branden starta på same tid med kafé, overnatting og interiørbutikk i den gamle legebustaden i bygda.
Statkraft i Selje
Hadde planar om å byggje eitt av landets største vindkraftverk på Hoddevikfjellet.
Paneda AS
vart skipa i Selje i 2001 av Oddvar Flølo.
Stadsurfing
surfesenter vart starta i Hoddevik i 2002 av Torkild Sandvik.
Stad Gard Sandvik AS
vart starta i 2004 av Knut Lundebrekke. I 2008 bygde han eige slakteri for produksjon av eigne kjøtvarer av fé og vilt.
Honningsvåg Motor & Data
vart starta på Refsnes i 2005 av Åge Honningsvåg. Verksemda sel m.a. landbruksmaskinar.
Seljevågen Appartement DA
på Nabben i Selje vart starta av Geir Jonny Rye, Jarl Lillesalt og Jon Terje Hamre i 2005.
Vestkapp Båtservice
- sjå Seljevågen Appartement DA.
Handelslaget AS
vart opna i Selje i 2006 og er eit lite kjøpesenter med plass til fire butikkar.
Nabben Pryd og mote AS
- sjå Handelslaget AS.
Flatraket Bygg AS
på Flatraket vart starta i 2012 med Bjarne Flataker som dagleg leiar. Firmaet driv med oppføring av nybygg og renovasjon, reparasjon og vedlikehald av bygningar.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014
Sist oppdatert: 02.04.2014