Hopp til innhold
X
Innhald

Isak Refsnæs

Isak Refsnæs. Foto utlånt av Rune Anda.

Isak Refsnæs. Foto utlånt av Rune Anda.

Isak Refsnæs (1852–1928) frå Refsnes på Stad, busett i Bergen. Kunstmålar. Refsnæs flytta i 1872 til Bergen der han gjekk underoffiserskulen i 1875. Arbeidde som fotograf hjå den kjende fotografen Knud Knudsen, deretter som kontorist i samstundes om han i to år studerte ved Nicolaisens teikneskule på kveldstid.

Frå 1890 arbeidde Refsnæs som kunstmålar og er særleg kjend som såkalla marinemålar med båt- hav og kystmotiv. Men sjølv om Refsnæs hadde ein stor produksjon og selde godt, vart det ikkje arrangert utstillingar av arbeida hans medan han levde. Dette hadde nok samanheng med at sjangeren ”marinemåleri” var mindre påakta i samtida hans. I 1997 vart det skipa til ei minneutstilling for han på Stadlandet.

«Paa Stadhavet» av Isak Refsnæs, måla i 1906. Foto utlånt av Rune Anda.

«Paa Stadhavet» av Isak Refsnæs, måla i 1906. Foto utlånt av Rune Anda.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011