Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Berge

Johan Berge starta fiskemottak og fiskehandel på Nabben i Selje 1917. Han leigde båt og dreiv oppkjøp av fisk i bygdene på ytre Stad. Fiskehandelen dreiv han i ei sjøbu som han leigde av P. I. Hove like ved dampskipskaia.

Sonen Mandius tok over verksemda kring 1940. I 1962 kjøpte Mandius Berge og sonen Aksel ei fiskebu frå Strandens Notlag på nordsida av Nabben, og her dreiv Mandius fiskemottak fram til 1973.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011