Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Daniel Stub Landmark

Johan Daniel Stub Landmark (1820–1882). Prest i Selje frå 1875 til 1882. Han stamma frå den kjende Landmark-slekta på Storgarden Tysse i Fjaler kommune.

Før han kom til Selje som sokneprest, hadde Landmark vore sokneprest i Vardø, residerande kapellan i Førde og sokneprest i Beitstad.

Han gav ut fleire lærebøker, m.a. ”ABC med Billeder” i 1847, ei av dei første lærebøker av dette slaget i landet.

Landmarken var den første som starta skogplanting i Selje. På Eirsholmen ved Selje planta han ut fure, lerk, gran og fleire lauvtresortar i 1876. Skogselskapet har reist ein minnestein for Landmark på øya.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.02.2010