Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Johannesson Bortne

Johan Johannesson Bortne (1873-1950) frå Selje. Bonde, steinhoggar og politikar for Bondepartiet.

Johan Johannesson Bortne (1873-1950) frå Selje. Bonde, steinhoggar og politikar for Bondepartiet.

Bortne var ordførar og varordførar i Selje. Medlem av styret i Norges Bondelag 1927–1935. Vararepresentant på Stortinget 1928–1936.

Som steinhoggar utførte han m.a. minnesteinen over falne 1807-1814 på Nordfjordeid, dåpssteinen og minnesteinen for Olav Tryggvason på Dragseidet, og minnesteinen over presten Claus Frimann i Davik.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010