Hopp til innhold
X
Innhald

John Olaf Paulsen

John Olaf Paulsen (1851-1924) frå Bergen, forfattar og diktar.

Ætta frå garden Nedre-Skjåstad, der farfaren Paul Olson (1766-1843) budde. Faren, som vart kalla «Ola Statt», busette seg i Bergen.

John Paulsen debuterte i 1875 med romanen «Af bylivet», og skreiv elles «Familien Pehrsen», «Norsk provinsliv» (1881) og «Bergenske originaler» (1904). Han skreiv også fleire populære romanar.

Skreiv «Naar fjordene blaaner»

Men mest kjend er Paulsen for teksten til songen «Naar fjordene blaaner» som Oslo-komponisten Alfred Paulsen sette tone til. «Naar fjordene blaaner» var særleg populær som korsong både i Noreg og i det norske utvandrarmiljøet i USA.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.03.2008