Hopp til innhold
X
Innhald

Julius Fure

Julius Fure (1931-2006) frå Fure, busett på Leikanger. Kjøpmann og politikar, Høgre.

Julius Fure (1931-2006) frå Fure, busett på Leikanger. Kjøpmann og politikar, Høgre.

Ordførar i Selje 1968-1971 og 1976-1982. Stilte seg under sjukehusstriden i Sogn og Fjordane i spissen for fylkestingslista «for desentralisert utbyggjing i Sogn og Fjordane» - også kalla . Den fekk inn 4 representantar på det første direkte valde fylkestinget i 1976. Lista eksisterte berre ein periode, og Julius Fure gjekk deretter tilbake til sitt «gamle» parti som fylkestings-representant for Høgre frå 1980 til 1996.

Fylkesvaraordførar 1984-88, og fylkesordførar 1988-1992.

Har elles hatt ei rad offentlege tillitsverv, m.a. styremedlem i Fylkesbaatane i 25 år, mange av dei som styreleiar. Sentrale tillitsverv i kraftforsyninga, styreleiar i Ytre Fjordane Kraftlag og 10 år formann i Landssamanslutninga for norske kraftkommunar.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.03.2008