Hopp til innhold
X
Innhald

Kampen mot spillsykja

Spillsykje - eller spedalskheit – var ein av dei store folkefarsottane i Noreg fram til bergenslegen Armauer Hansen oppdaga årsaka – leprabasillen - i 1872.
Stroka langs vestlandskysten frå Bergen til Ålesund var verst råka med opptil halvparten av alle registerte tilfella i heile landet midt på 1800-talet. I 1856 er det registert 26 spillsjuke i Selje kommune, 17 i Vågsøy og ni i Selje. Dei spillsjuke vart ofte isolerte. På Skavøyna ved Måløy budde det fem spillsjuke i ei lita stove. Ventelistene på St. Jørgen Hpostial i Bergen var lange, og mange døydde i sjukehuskø før dei kom dit. I 1858 fekk Selje kommune plass til 15 pasientar på St. Jørgen, men tre av dei døydde før dei kom dit.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 05.05.2007