Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Stig Amdam

Kjell Stig Amdam fødd 1941 i Trondheim. Busett i Selje. Biletkunstnar som har arbeidd mykje med religiøse kunstuttrykk og kyrkjekunst. Innkjøpt m.a. til Erkebispegården i Trondheim, til bispegardane i Bergen og Molde og av Sør-Trøndelag fylke.

Saman med sambuaren, tekstilkunstnaren Vigdis Wåge (1945–2006) frå Florø har Amdam bygd opp kunstgalleriet «Mot storhavet» i Selje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 23.03.2010