Hopp til innhold
X
Innhald

Kjende personar i Selje fødde år 0-1700

St. Sunniva slik kunstnaren Kjell Stig Amdam ser ho.

St. Sunniva slik kunstnaren Kjell Stig Amdam ser ho.

St. Sunniva

etter legenden ei irsk kongsdotter som saman med ei gruppe heilage menn rømde over Nordsjøen og slo seg til på Seljeøya, der Albanus-klosteret i dag står. I skrifter frå 1190, skal Albanus vere bror til Sunniva (sjå Albanus nedanfor). Relikvieskrinet med angande bein frå Sunniva vart 1170 ført frå Selja til Kristkyrkja i Bergen. (Sjå Selje kloster og Sunniva-legenden.)

Albanus

som klosteret på Seljeøya er kalla opp etter, vart den første engelske martyr, halshoggen år 303 der byen St. Alban ved London idag ligg. Klosterkyrkja på Seljeøya er ei av fleire kyrkjer vigde til St. Albanus. – Segner frå 1100-talet vil ha det til at hovudet til martyren Alabnus er gravlagd på Seljeøya, og at han var bror til St. Sunniva (sjå Selje kloster og Sunniva-legenden), men segna og slektskapet samsvarar ikkje med dei historiske fakta om Alabanus.

Håkon Sigurdsson Ladejarl

(ca. 935-995) - Sjå Ragnvald frå Ervik .

Olav 1. Tryggvason

(968–1000), konge i Noreg 995–1000.

Ragnvald frå Ervik

(slutten av 900-talet) frå Ervik på Stad. Lokal hovding.

Kong Olav Kyrre

grunnla i 1068 bispedømet Selja. Hovudsetet låg på Selja til ca. 1170, då relikvieskrinet med levningane etter St. Sunniva vart flytta til Bergen, og ”bispestolen” fylgde med.

Bjarnvard den sakslendske

var første biskopen på Selja (1068-1093), utnemnd av kong Olav Kyrre. Han vart etterfylgt av bispane Svein, Magne (1093-1130), Ottar (1130-39), Sigurd (1139-1156), og Pål (1157-1194). Pål fekk flytta Sunniva-skrinet frå Selje til Bergen 1170, og med relikvieskrinet også bispesetet.

Sigurd

(f. ca. 1100-ca. 1170). Biskop. Han var den fjerde biskopen i Selja; frå kring 1139 til 1156.

Peder Gottfriedsson

(ca. 1500-1560) Sokneprest i Selje.

Maren Sørensdotter Friis

(1610–1677)er kjend som prestefrua som «sleit ut» fire sokneprestar som ektemenn!

Jakob Rasmusson Studt

(1619-1659), prest i Selje 1647-59. På folkemunne vart det sagt at han hadde fått Svarteboka og kunne mane etter studieopphald i Wittenberg. Han var kunnskapsrik, og vart brukt til å tyde innskrifter på gamle bautasteinar på Giske. Det var Studt som fekk kyrkja flytta frå Bø til Hove. Han var gift med Maren Sørensdotter Friis.

Claus Johansson Frimann

(1666–1715), hadde vore res. kap. i Eid før han vart prest i Selje 1709. Diktarpresten Claus Frimann var sonesonen. Under denne presten og den dyktige kona hans Anna f. Harboe, bygde Frimann-slekta opp store eigedomar i Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010