Hopp til innhold
X
Innhald

Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900

Kunstnaren Bernt Tunold (1877-1946) kjem frå Selje og har fått ei minnestøtte i heimbygda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kunstnaren Bernt Tunold (1877-1946) kjem frå Selje og har fått ei minnestøtte i heimbygda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Sara Cold Frimann

(1714–1800), prestefrue i Selje, er skildra i H.I. Birch si bok «Galleri af berømte fruentimmer».

Claus Frimann

(1746-1829). Prest og diktar. Var sokneprest i Davik i 40 år. Frå 1800 til 1817 også prost i Nordfjord. Gav ut åtte bøker.

Peter Harboe Frimann jr.

(1752-1839) frå Selje. Jurist og diplomat. Diktar.

Gabriel Heiberg (Selje)

(1769–1838). Prest i Selje. Soldat.

Peder Harboe Clausson Frimann

(1782–1843) frå Selje, busett på Davik. Jordeigar.

Nils Eliasson Rønneberg

(1796–1857). Frå Valderøya på Sunnmøre. Handelsmann og politikar.

Haldor Monsson Hamarsvik

(1799–1822) frå Selje. Dikta kristelege songar, som var gjeve ut i bokform etter at Hamarsvik omkom ved drukning.

Wilhelm Frimann Koren

(1801-1891). Sokneprest i Selje i 49 år og prost i Nordfjord i 39 år. Første ordføraren i Selje.

Johan Daniel Stub Landmark

(1820–1882). Prest i Selje. Lærebokforfattar og skogreisar.

Sivert J. Berge

(1823–1889) frå Vanylven, busett i Selje. Bonde og politikar.

Ulrik Vilhelm Boyesen Koren

(1830–1911) frå Selje, busett i Kalvåg. Prest.

Carl Otto Krefting

(1831 – 1899). Offiser og arkeolog. Leia det første utgravingsarbeidet på Selje kloster i 1867-68).

Ludvig Kristoffer Olavius Strømme

(1834–1913)frå Ørskog, busett i Selje. Prest og politikar.

Arne Kjøde

(1850-1933) frå Kjøde. Lærar, som gav ut ei bok med Nordfjord-skrøner, og eit par lærebøker.

John Olaf Paulsen

(1851-1924) frå Bergen, forfattar og diktar.

Isak Refsnæs

(1852–1928) frå Refsnes på Stad. Kunstmålar.

Ola Pedersson Fure

(1856–1927) frå Fure. Kjøpte Handelsstaden Osmundsvåg i 1891 og dreiv der til 1897.

Karen Olofine Knutsen

(1859–1944) frå Selje. Vart drepen under eit flyåtak i Bergen den 29.oktober 1944. I same åtaket vart også systera Lovise Marie Olsen (sjå denne) drepen.

Rasmus Pederson Hjertenes

(1860-1930), frå Selje. Lærar og Høgre-politikar. Eksamen frå Volda lærarskule 1878 og Stord lærarskule 1886. Var lærar i Selje frå 1878 og klokkar frå 1894. Medlem i kommunestyret og ordførar frå 1898. Vararepresentant til Stortinget 1903-1906 og fast representant 1906-1912.

Kunstnaren Bernt Tunold kjem frå Selje.

Kunstnaren Bernt Tunold kjem frå Selje.

Lovise Marie Olsen

(1864–1944) frå Selje. Pensjonert handelsbetjent. Omkom under eit flyåtak på Bergen den 29. oktober 1944 saman med systera Karen Oloffine Knutsen (sjå denne).

Reiel Nybø

(1869–1938). Prest og idrettsorganisator. - sjå Reiel Nybø under Gloppen.

Johan Johannesson Bortne

(1873-1950) frå Selje. Bonde, steinhoggar og politikar for Bondepartiet.

Bernt Tunold

(1877–1946) frå Selje. Ein av dei mest framståande kunstnarane frå Sogn og Fjordane.

Peder Sandvik.

Peder Sandvik.

Peder Sandvik

(1879–1945) frå Selje. Gardbrukar, kvalfangar, med med på Nordsjø-farten under 2. verdskrig. Under krigen var han først fiskar i Skottland før han vart vaktmann ved eit marinedepot i London. I 1941 var han med på å setje i land to agentar på norskekysten og tok med flyktningar tilbake til Skottland. Omkom 7. mars 1945 under eit flyåtak på London.

Sigrid Undset

(1882-1949), forfattar med Nobelprisen i litteratur. Undset var katolikk, og så fascinert av Sunniva-legenden at ho prøvde å kjøpe hyttetomt på Seljeøya i 1926! Undset gav i 1932 ut bok om St. Sunniva på tysk. Boka er seinare omsett til norsk.

Sigrid Undset (t.h.) i Sunnivahola på Seljeøya på 1920-talet, saman med venninna Astrid af Geijerstam og sonen hennar, Hans. Foto: Gøsta af Geijerstam.

Sigrid Undset (t.h.) i Sunnivahola på Seljeøya på 1920-talet, saman med venninna Astrid af Geijerstam og sonen hennar, Hans. Foto: Gøsta af Geijerstam.

Emil J. Djupedal

(1883–1944) frå Selje. Fiskar, telefonarbeidar og folkeminnesamlar.

Cato Enger

leia restaureringsarbeidet på Seljeklosteret i 1935-1940. Mykje av arbeidet vart utført av arbeidslaus ungdom som sysselsetjingsarbeid. Etter arbeidet på Selje-klosteret, reiste dei same ungdomane til Åheim og gjenreiste middelalderkyrkja Jetmunds-kyrkja der.

Annfinn Kornelius Leganger

Annfinn Kornelius Leganger

(1888–1942. Sjømann og krigsseglar. Reiste til sjøs i 1911 og kom seg levande frå tre torpederingar under 1. verdskrig. Var også krigsseglar under 2. verdskrig då han vart sjuk og døydde på eit hospital i Buenos Aires den 24. juli 1942.

Julius Cæsar Hartmann

(1889-1969) frå Selje. Kunstmålar.

Samuel Alshager

Samuel Alshager

(1890-1960) fødd i Stavanger, busett i Bergen. Sjøkaptein. Kaptein på hurtigruteskipet D/S «Sanct Svithun» frå 1928 og fram til skipet krigsforliste etter åtak frå allierte fly ved Ervika på Stad den 30. september 1943 - sjå: Sanct Svithun-forliset. Alshager heldt fram som hurtigrutekaptein til han pensjonerte seg i 1955.

Ole Kristoffer Mathias Flataker

Ole Kristoffer Mathias Flataker

(1892–1944) frå Flatraket. Gardbrukar og fiskar. Omkom saman med tre sambygdingar under linefiske vest for Kråkenes den 15. september 1944 då fiskebåten truleg gjekk på ei mine. Ein av dei var broren Mons Kornelius Flataker.

Mons Kornelius Flataker

Mons Kornelius Flataker

(1896–1944) frå Flatraket. Gardbrukar og fiskar. Omkom saman med tre sambygdingar under linefiske vest for Kråkenes den 15. september 1944 då fiskebåten truleg gjekk på ei mine. Ein av dei var broren Ole Kristoffer Mathias Flataker (sjå denne).

Sigvald Einar Hove

Sigvald Einar Hove

(1896–1941) frå Selje. Tømmermann og krigsseglar. Omkom då M/T «Buesten» krigsforliste i Den engelske kanalen 9. april 1941 på veg frå Dartmouth til Southampton.

Olaf Ingebrigtsen Aarsheim

Olaf Ingebrigtsen Aarsheim

(1898–1941) frå Årsheim. Skipstømmermann og krigsseglar. Omkom 15. september 1941 då M/T «Vinga» vart bomba av fly på veg fra England til Amerika.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.10.2011