Hopp til innhold
X
Innhald

Kjende personar i Selje

Nikolai Myklebust (1919-1986).

Nikolai Myklebust (1919-1986).

Omtalane er ordna etter fødselsår

*Kongegjestingar i Selje *Ordførarar i Selje kommune *Stortingsrepresentantar frå Selje

*Kjende personar i Selje fødde år 0-1700 *Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900

Kjende personar i Selje fødde år 1900-:

Kjende personar i Selje fødde år 1900-:

Albert Sverre Sivert Reinhardt Flataker

1902–1944) frå Flatraket. Småbrukar og fiskar. Omkom saman med tre sambygdingar under linefiske vest for Kråkenes den 15. september 1944 då fiskebåten truleg gjekk på ei mine.

Sverre Bernhard Nybø

(1903-1976). Fødd i Oslo, oppvaksen i Selje og busett seinare på Åheim. Prest og Høgre-politikar.

Malvin Wilhelm Flataker

Malvin Wilhelm Flataker

(1905–1944) frå Flatraket. Småbrukar og fiskar. Omkom saman med tre sambygdingar under linefiske vest for Kråkenes den 15. september 1944 då fiskebåten truleg gjekk på ei mine.

Karnot Johannes Brekke

Karnot Johannes Brekke

(1906–1940) frå Selje. Sjømann og krigsseglar. Arbeidde som kokk på Grand Hotell i Oslo før han reiste til sjøs. Omkom den 25. januar 1940 då D/S ”Biarritz” sokk etter ein eksplosjon vest for Ymuiden i Nederland. Ein går ut frå at eksplosjonen skuldast ei krigshandling.

Arne P. Kjøde

Arne P. Kjøde

(1908–1944) frå Kjøde. Maskinist og krigsseglar. Omkom då D/S «Felix» krigsforliste på Folla den 11. februar 1944.

Paul Berstad

(1908-1993) frå Selje. Bonde og folkevisesongar.

Knut Myrstad

(1913-2001) i Selje. Krinssekretær i misjonsforeningar og politikar.

Alfred Olaf Dankert Teigen

Alfred Olaf Dankert Teigen

(1914–1942) frå Selje. Sjømann og krigsseglar. Drog til sjøs i 1934 og omkom då D/S «Ingerfem» vart torpedert i Nord-Atlanteren på veg mellom Loch Eve og Halifax den 29. desember 1942.

Hjalmar Simon Karlot Sande

Hjalmar Simon Karlot Sande

(1915–1943) frå Selje. Matros og krigsseglar. Omkom under 2. verdskrig då M/S «India» kom bort på veg frå Talara i Peru til Sydney den 3. september 1943.

Otto Marius Teige

Otto Marius Teige

(1916–1944) frå Selje. Småbrukar, fiskar og soldat. Utdanna som målar ved Statens Håndverks- og kunstindustriskole. Deltok i krigsdagane 1940 som signalmann og observatør på Dombås og i Gudbrandsdalen. Arbeidde i Herøy då han den 3. mars 1944 vart drepen av ein gjenstand som hadde reke i land i fjøra.

Petter Hjalmar Eltvik

Petter Hjalmar Eltvik

(1917–1942) frå Stadlandet. Kokk og krigsseglar. Var kokk ombord på M/T «Kongsgaard» då skipet vart torpedert vest for Curacao 21. februar 1942, på veg frå Puerto la Cruz til Aruba.

John Normann Fløde

John Normann Fløde

(1917–1944) fødd i Bergen, busett i Selje kommune. Medisinstudent i Oslo då han vart arrestert under ein studentrazzia i 1943 og send til fangeleir i Tyskland. Døydde av tuberkulose den 7. desember 1944 på eit amerikansk militærsjukehus i Frankrike.

Nikolai Myklebust

(1919–1986) frå Barmen. Fiskar, småbrukar og organisasjonsmann.

Wald Drageseth

(1920-1994), frå Selje. Ein av dei fremste industribyggjarane i Sogn og Fjordane gjennom tidene.

Reidar Djupedal

(1921-1989), fødd i Oslo, oppvaksen i Selje. Professor i nordisk språk og litteratur, og samlar av folketonar og folkeminne.

Karstein Mathias Stokkevåg

Karstein Mathias Stokkevåg

(1921–1944) frå Stadlandet. Motorbåtførar. Omkom då det norske skipet «Irma» ved eit mistak vart torpedert av norske MTB-ar på Hustadvika den 13. februar 1944.

Håkon Mathias Bjørlykke

Håkon Mathias Bjørlykke

(1923–1943), postekspeditør frå Selje, busett i Trondheim. Tok mellomskule og handelsgymnas og reiste som postekspeditør med hurtigsruteskipet «St. Svithun» då det vart bomba og søkkt ved Ervik på Stad den 30. september 1943.

Reidar Jonn Drage

Reidar Jonn Drage

(1924–1946) frå Stadlandet. Gardsarbeidar og soldat. Omkom 15. april 1946 under arbeid med å rydde tysk ammunisjon på kystfortet Tangane ved Rugsund (sjå Bremanger kommune).

Leif Hove

fødd 1924 på Stadlandet. Trearbeidar av yrke. Har gjort ein stor innsats i ulike tillitsverv i kristelege organisasjonar, særleg sundagsskulearbeidet. Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Ragnvald Berge

(1925-2002), forretningsmann og politikar og lokalhistorikar.

Ole Dagfinn Eide

Ole Dagfinn Eide

(1928–1946) frå Selje. Fiskar. Omkom den 18. juli 1946 då han gjekk på ei landmine som låg att etter 2. verdskrig.

Asbjørn Drageseth

fødd 1930 frå Selje. Starta i 1946 saman med broren Wald Drageseth, Selje Skjortefabrikk, og i 1960 Selje Bruk A/S.

Julius Fure

(1931-2006) frå Fure, busett på Leikanger. Kjøpmann og politikar for Høgre.

Håkon Drage

fødd 1939 på Stadlandet. Busett i Leikanger. Arkitekt frå NTH i Trondheim og biletkunstnar.

Kjell Stig Amdam

fødd 1941 i Trondheim. Busett i Selje. Biletkunstnar som har arbeidd mykje med religiøse kunstuttrykk og kyrkjekunst.

Odd-Bjørn Fure

fødd 1942 på Stadlandet. Historikar, professor og forskingsdirektør.

Gerd Kjellaug Berge

fødd 1943 i Sogndal, busett i Selje. Hotelleigar.

Ola Drage

fødd 1943 på Stadlandet, busett i Førde. Entreprenør.

Magne Aarøen

(1944-2003). Fødd i Innvik. Lærar, og politikar for Kristeleg Folkeparti. Sjå Magne Aarøen under Stryn kommune.

Vigdis Wåge

(1945-2006). Frå Florø, busett i Selje. Tekstilkunstnar. Sjå Kjell Stig Amdam.

Sverre Hoddevik

Sverre Hoddevik

fødd 1946 på Stadlandet. Tannlege og Høgre-politikar.

Bodvar Vetrhus

(1946-2006). Grunnleggjar av AS Fiskevegn.

Åge Starheim

fødd 1946 på Stårheim, busett i Selje. Høgre- og FrP-politikar.

Bjarne Myrstad

fødd 1948 i Selje. Journalist og informasjonssjef.

Anders Lien

fødd 1950 i Eid. Grunnla 1984 Selantic Industrier (sjå Fabrikkar og produksjonsverkstader i Selje). Flytta seinare til Ågotnes i Hordaland.

Sigurd Vengen

Sigurd Vengen

fødd 1950 i Selje. Prost i Sunnfjord og sokneprest i Førde frå 1992.

Nils Myklebust

fødd 1952, frå Barmen, busett i Måløy. Frå 2000 til 2013 formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag. (Son til Nikolai Myklebust.)

Bjørn Ivar Berge

fødd 1957 i Selje. Musikar og møbelsnikkar, busett i Bergen og Selje. Han dreiv eige firma innan møbelrestaurering i Bergen og var musikar på fritida. I 2006 flytta han tilbake til Selje og satsa for fullt på musikken. I 2011 gav han ut albumet ”Rusletur bak tid og rom”.

Lars Barmen

Lars Barmen

fødd 1962 på Barmøy, busett i Oslo. Meisterkokk og kjend som fjernsyns-kokk på NRK 1.

Bjørn Venø

(Bjorn Veno) fødd 1979 i Chatham, Storbritannia, oppvaksen på Venøy. Kunstfotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.06.2015