Hopp til innhold
X
Innhald

Klaffetelegrafen på Stad

Tidleg på 1800-talet vart det bygd ein Kystsignalstasjon på Stad. Desse avløyste dei gamle vetane. Stasjonane kunne varsle med bluss om natta, og med såkalla «klaff-telegraf» i dagslys.

Ein klaffetelegraf var plater som hang på rær i ei høg mast, og ved hjelp av snorer kunne platene stillast i ulike «morsesignal» som vart oppfatta på neste signalstasjon osb. Klaffetelegrafen sto på fjellet Kjerringa, eller på Storevarden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.04.2008