Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Selje

Ordførar Ottar Nygård og kommunetilsette i samband med opninga av nye rådhuset i tidlegare Selje Skjortefabrikk i mars 2012. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Ordførar Ottar Nygård og kommunetilsette i samband med opninga av nye rådhuset i tidlegare Selje Skjortefabrikk i mars 2012. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 og til 1910 var Selje og Vågsøy ein kommune, med Selje både som kyrkjestad og som administrasjonssenter.

Endring i fiskeria og motorisering av fiskeflåten gjorde Måløy til det naturlege fiskerisenteret i Nordfjord frå slutten av 1800-talet. I 1900 vart Vågsøy skilt ut frå Selje med to eigne kyrkjesokn (Sør- og Nord-Vågsøy). Etter sterke lokale ynskje, vart så kommunane Sør- og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje kommune i 1910.

Dette var Selje rådhus fram til 2012. Då flytta administrasjonen ut av huset og inn i tidlegare Selje Skjortefabrikk. Dårlege arbeidstilhøve i rådhuset gjorde at det ikkje lenger varr tilrådeleg å bruke det. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei sørlegaste bygdene i attverande Selje kommune vart dermed Sørpollen, Hagevik og øya Silda. I 1929 vart dei første kvinnene valde inn i Selje kommunestyre. Det var Andrea Leikanger og Anna Stokkevåg.

Kommunestyra i Selje, Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy samla i Selje for å markere 100-årsjubileet for formannskapslova i 1937. Ukjend fotograf. Eigar: Kristen Sunde/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kommunestyra i Selje, Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy samla i Selje for å markere 100-årsjubileet for formannskapslova i 1937. Ukjend fotograf. Eigar: Kristen Sunde/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kommunal erstatning for salssvikt

Den rike kremmaren Dankert Wiese fekk kommunestyret med på å dekke tapet då dårleg ver øydela for salet under eit sommarting.

Kommunalt forbod mot giftarmål

I 1849 vedtok Selje kommunestyre eit forbod mot at fattige som var huslause og utan fast yrke kunne gifte seg. Dei som stilte som forlovarar til slike ekteskap, skulle ileggjast store bøter. Vedtaket var nok meint som eit tvangstiltak for å «jage ut» fattigfolk frå bygdene.

Taktisk røysting gav uventa ordførarval

Ved ordførarvalet i 1870 vart bonde Peder Ingebrigtson Sandvik vald til ordførar utan å vere kandidat.

Nedgangstider og kommunal krise

I nedgangstidene kring 1930 var Selje kommune ein av dei kommunane i Sogn og Fjordane som fekk dei største vanskane.

Ved kommunereguleringa

(Schei-komitèen) i 1964, vart Sørpollen, Osmundsvåg og Silda lagt til den nye storkommunen Vågsøy. Sjå også: Sjå elles Kommunehistoria i Vågsøy

Politisk leiing:

  • Ordførarar i Selje kommune
  • I 2011 flyttar kommuneadministrasjonen inn i tredje etasje i tidlegare Selje Skjortefabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    I 2011 flyttar kommuneadministrasjonen inn i tredje etasje i tidlegare Selje Skjortefabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014

Sist oppdatert: 22.03.2012