Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunen kjøpte Skorgevassdraget

Skorge kraftverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skorge kraftverk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første initiativet til kraftverk i Selje tok sokneprest Reiel Nybø i 1913.

Selje kommune kjøpte Skorgevassdraget ved Kjødepollen for 15.000 kroner i 1918 med tanke om å byggje kraftverk i Gryttingfossen. Men i staden gjekk Selje kommune med i Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka).

Mot eit vederlag på 23.000 kroner overlet Selje kommune Skorgevassdraget til Ålfotselskapet. Kommunen stilte samstundes som vilkår at Skorgevassdraget vart utbygd først, og at Selje kommune skulle få linenett og kraft først.

Selje fekk framført straum i 1922. YFK overtok fallrettane i Skorgevassdraget då Ålfotselskapet havarerte, og bygde kraftverk ved Kjødepollen i 1938.

Elles bygde Hans Drage eit lite kraftverk på Sjåstad tidleg på 1920-talet, og Johannes Ferstad fekk bygd eit lite kraftverk på Ferstad på 1930-talet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.04.2010