Hopp til innhold
X
Innhald

Kongegjestingar i Selje

Kong Olav Tryggvason

samla i 997 bønder frå Sogn til Romsdal på Dragseidet som tjodveg, der dei vart tvangs-kristna.

Christian V

gjesta Selje i 1685 i samband med ei reise mellom Trondheim og Bergen.

Kong Fredrik IV

gjesta Selje i 1704 på ei ferd frå Bergen til Trondheim.

Kong Christian VI

reiste i 1733 med fylgjet sitt over Mannseidet på veg frå Trondheim til Bergen. Dei overnatta hos Selje-presten Søren Madsen. I kongefylgjet på 150 personar var også dronninga Sofie Magdalena og mora hennar. På Mannseidet hadde bygdefolket på førehand utbetra ridevegen før fylgjet kom. Turen over Mannseidet er skildra i ein gravyr på eit minnestaup som kongen fekk laga etter Noregsreisa. Som takk for oppvartinga, fekk Selje-presten kongebrev på at han skulle få kyrkja sin part av fisketienda - dvs. avgiftene som folk måtte betale av fisket. Frå Selje drog kongefylgjet vidare til Eid.

Kong Olav V

Kong Olav V

vitja Selja i august 1968 i samband med 900-årsjubileet for skipinga av Selje bispesete. Dei kongelege kom med kongeskipet ”Norge” til Selja. Også dei nyforlova kronprins Harald og Sonja Haraldsen fylgde med. Dette var første representasjons-oppgåva til det nye paret.

Kong Harald V

vitja som kronprins Selja i samband med 900-årsjubileet for skipinga av Selje bispesete. Harald var i 1997 til stades ved 1000-årsmarkeringa for kristninga på Dragseidet. (sjå Olav Tryggvason øvst på sida).

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011