Hopp til innhold
X
Innhald

Køyreveg til Åheim

Åheim i Vanylven. Foto: Steinar Slagnes.

Åheim i Vanylven. Foto: Steinar Slagnes.

Sambandet mot Åheim og den nye vegen mot Nordfjord over Maurstadeidet tok det lang tid å fullføre.

I Selje var det på slutten av 1800-talet sterke politiske grupper som sympatiserte med Bondevenene og Jaabæk-rørsla. Desse stod for ein streng offentleg sparepolitikk. I tillegg var det alt då sterke grupper i Selje kommunestyre som arbeidde for at ein skulle velje Sandvikseidet som framtidig hovudvegtrasé over fjellet i staden for Mannseidet.

Truleg var det desse gruppene som anka til Kongen då dei i 1896 kom i mindretal om ei vegløyving for å få bygd skikkeleg køyreveg over Mannseidet mellom Hatlebakken på vestsida og Einehaug ved Kjødepollen på austsida.

Mindretalet meinte at Selje kommune ikkje hadde råd til slikt. Dei fekk ikkje medhald, og i 1899 gjekk kommunestyrefleirtalet vidare med ei løyving til vegen mot Skorge inst i Kjødepollen. Denne vegen vart opna i 1918, og i 1928 kunne ein skøyte vegen saman med det som var bygd på Møresida, og dermed fekk seljeværingane vegsamband mot Åheim, og vidare til Nordfjord over Maurstadeidet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011