Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Selje

Veg gjennom Morkadalen

Veg over Sandvikseidet (265 meter o.h.) kom første gong på tale i 1861, men konkurrerte lenge med eit anna vegalternativ lengre vest: Liberravegen. Vegen vart difor først opna i 1901. Denne gav samanhengande veg mellom kommunesenteret Selje og Stadlandet.

Veg gjennom Morkadalen

mellom Leikanger og bygdene på Ytre Stadlandet ferdig i 1876.

Ferstad–Årvik

kom 1880. Skipsdraget over Dragseidet (170 meter o.h.) har eksistert sidan førhistorisk tid. I 1889 vart det bygd skikkeleg veg over eidet frå sjø til sjø.

Skikkeleg køyreveg over Mannseidet

(249 meter o.h.) vart bygd kring 1890. Bilveg over Mannseidet var først ferdig 1928, fordi det tok lang tid før den vart skøytt saman ved fylkesgrensa mot Vanylven. Heilt fram til 1967 var det over Mannseidet-Åheim-Bryggja at Selje kommune var knytt til riksvegnettet. Kong Kristian 6. reid over Mannseidet i 1733. Kongar hadde også nytta ruta over Mannseidet i 1668 og 1701.

Hoddevik

fekk veg 1925.

Veg Årvik-Honningsvåg

bygd 1930.

Turistvegen til Vestkapp

(Kjerringa) vart bygd som «naudsarbeid» for arbeidslause på 1930-talet. Den Norske Turistforening stod som byggherre.

Riksvegen Selje-Flatraket-Almenning

ferdig 1967. Gjorde Selje og industrien der uavhengige av problema med å krysse det verharde Mannseidet mot Åheim vinterstid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.05.2008