Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Selje

Første initiativet til kraftverk i Selje tok sokneprest Reiel Nybø i 1913.

Selje kommune kjøpte Skorgevassdraget ved Kjødepollen for 15.000 kroner i 1918 med tanke om å byggje kraftverk i Gryttingfossen. Men i staden gjekk Selje kommune med i Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka), og Selje fekk framført straum i 1922. YFK overtok fallrettane i Skorgevassdraget og bygde kraftverk i 1938.

Elles bygde Hans Drage eit lite kraftverk på Sjåstad tidleg på 1920-talet, og Johannes Ferstad fekk bygd eit lite kraftverk på Ferstad på 1930-talet.

Vindmølleplanar

Vindmølleplanar

2000 la Statkraft planar om å byggje ein av Noregs største vinmølleparkar for kraftproduksjon på Hoddevikfjellet. Planen var å bygje 34 vindmøller, godt synlege i det særmerkte kystlandskapet.

Selje kommunestyre støtta planane, medan Fortidsminneforeningen og Norges Naturvernforbund var imot. I april 2002 avslo NVE søknaden.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.11.2008