Hopp til innhold
X
Innhald

Kremmar på Kvamme på Stadlandet

På vestsida av innløpet til Kjødepollen ligg den lune Jektevika ved garden Kvamme. Her var det på 1600-talet ein handelsmann.

Men det er uklårt kvar han hadde handelsprivilegia sine frå – eller om han i det heile hadde kongeleg løyve. Kring 1668 vart denne handelen lagd ned. Bygdefolket tok huset ned og sette det oppatt som eit tilbygg til St. Jetmundskyrkja på Åheim, som bygdefolket langs nordstranda på inste Stadlandet frå den tida fekk høve til å nytte. M.a. hadde dei gravstad der. – Les meir om dette under Kyrkjer i Selje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.06.2008