Hopp til innhold
X
Innhald

Kremmarleie i Borgundvågen

Borgundvågen er ei lunande bukt på nordsida av Stadlandet. På Borgundholmen var det handelsstad frå 1650. Mykje av aktiviteten i Borgundvågen hadde samanheng med det gode sildefisket i Vanylvsgapet. Vågen hadde god ankerplass for større oppkjøparskip, og ute på eit skjer vart det brent eit fyrbluss slik at skipa kunne navigere inn når mørkret fall på.

Men kremmarhusa på Borgundholmen var rivne ned og flytta frå staden i 1701. Bustadhuset vart flytta til Kalvåg og sett opp att som prestebustad der. I dette huset vart m.a. kunstnaren Nikolai Astrup fødd medan faren Christian gjorde teneste som sokneprest i Bremanger. Huset står framleis ved Kalvåg.

Berre i fisketida

Etter eit opphald, fekk Gunnar Rasmusson Borgund i 1745 kongebrev på å drive handel og brennevinsutsal på Borgundholmen. Han hadde bygsla denne frå 1739. Men truleg har både han og dei som dreiv gjestehus og skjenkestove i ti-åra etter, berre drive i fisketida.

Flytta til Måløy

I 1858 vart handelsverksemda flytta til Borgund, med kjøpmann Johan Peter Schmidt Steen. Han søkte om løyve til å selje brennevin året etter, men fekk avslag. I 1868 flytta Schmidt Steen til Måløy (den gong heitte den Skramsbygda) og starta handel der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.06.2008