Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshandlingar 1810 Sildegapet og Ervik

Sildegapet med Seljeøya til høgre i bakgrunnen. Foto: Cosmin Cosma, NRK

Sildegapet med Seljeøya til høgre i bakgrunnen. Foto: Cosmin Cosma, NRK

Under Napoleonskrigane var tre kanonskonnertar – «Odin», «Tor» og «Balder» – og ein kanonjolle – «Cort Adeler» – plasserte ved losstasjonen på øya Silda. 23. juli 1810 gjekk to engelske fregattar, «Nemesis» og «Belvedere» til åtak på den vesle flåteavdelinga.

Rømde til fjells

Ein av dei norsk/danske båtane fyrte av ei kanonsalve som råka ei av barkassene (landgangsfartya) til engelskmennene. Fleire marinegastar vart drepne, men engelskmenenne låra berre nye landgangsbåtar og sette etter nordmennene som fann det tryggast å rømme til fjells. Det enda med at alle dei norske krigsskipa vart konfiskerte og mannskapet teke til fange.

Skremde bryllaupslag

Det vert fortalt at engelskmennene tok med seg lasta frå to jekter som låg på Halsør, og gjorde ein runde sør i Ulvesundet til Moldøen før dei segla til havs. På Trollebø vart det feira bryllaup denne dagen. Då bryllaupsgjestene såg krigsskipa, vart dei så redde at dei rømde til fjells. Brurekruna og anna sølv vart gøymt bort i ei steinur ved garden.

Krigsrett

Sokneprest Gabriel Heiberg, som hadde ansvaret for landforsvaret under episoden som seinare vert kalla «Affæren ved Silden», vart seinare stilt for krigsrett for handlingane sine.

Razzia i Ervik

Dagen før hendingane kring Silda, hadde engelskmennene vore i land i Ervik. Bygdefolket der hadde rømt unna, og soldatane tok razzia i gardshusa i Ervik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.04.2010