Hopp til innhold
X
Innhald

Kriminalsoger i Selje

Hoddevik, der to vart dømde til døden i 1643. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hoddevik, der to vart dømde til døden i 1643. Foto: Ottar Starheim, NRK.

To dømde til halshogging

I 1643 vart vart David Petterson Hoddevik og Birgitte Vinsensdotter Ytrefure dømde til døden. Nordfjord-futen avgjorde at dei skulle halshoggast og lika skulle brennast på bålet. ”Brotsverket” deira var at dei var gifte på kvar sin kant, men hadde levd saman i ”horeri” i lang tid. Då domen vart sagt, var dei to for lenge sidan rømde frå heimbygda Hoddevik. Det er ikkje kjent om dei seinare vart fanga og domen fullførd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.04.2010